Ved Istrehågan i Vestfold og Telemark fylke blei det førre veke utført eit voodoo-ritual. Istrehågan er eit gravfelt frå folkevandringstid med steinsettingar i sirkel- og skipsmønster. Dei som blei gravlagde her, blei brende, saman med bjørneklør og andre gravgåver. Plassen dreier seg altså om våre forgjengarar, i perioden før den vidgjetne vikingtida, og deira måte å minnast og æra sine døde på. Så kor kjem voodoo, ein karibisk religion med band til vestafrikansk folkereligion og katolisisme, inn?
Lars Gule, Eivor Oftestad, Anne Kalvig, Gina Lende og Helene Næss skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.