I Klassekampen 11. august skriv Bjørgulv Braanen ein kommentar basert på Dag og Tids siste oppslag om sommarens kulturskandale; over to sider får professor Rune Slagstad bruke Prosas refusjon av Per Hems bokmelding av Halvor Foslis bok «Mot nasjonalt sammenbrudd. Norge i masseinnvandringens tid» (Document forlag, 2019) som døme på det kontraproduktive med scenenekt. Eg er glad for at Braanen slår fast at Prosa var i sin fulle rett til ikkje setje teksten på trykk, men det er nedslåande å sjå at han elles har slukt agnet frå Dag og Tid med krok, søkk og snøre.
Braanen har slukt agnet med krok, søkk og snøre
DebattSakprosa