Då den vesle kom, stod Robert Frankowski ved fileteringsdisken, kutta hovud av laks, skar laus bukbein på laks, skar laus ryggfinnar, drog ut tjukkfiskbeina midt i fileten, la fisken med halen mot seg, skar snitt ned i skinnet heilt bakarst, vaska fileten under spylaren. Laks etter laks fileterte han mens den vesle kom. Han hadde gjort det så mange gongar no, handlingane var for lengst automatiserte. Han kunne ha gjort det i blinde. Han brukte å høre på musikk eller på fotballpodkastar mens han fileterte. Heilt sidan Jerzy Dudek vakta buret der, hadde Liverpool vore hans lag. Ein dag skulle han ta med ungane til Anfield for å sjå dei spele.
GARASJELAND Ei novelle av Frode Grytten.
YNWA
Novelle og