FORSVAR: Av dei 37 i mannskapet med stadfesta korona på hurtigruta, er 33 frå Filippinane. Men forbundsleiaren seier mannskapet følgde dei rette prosedyrane.
– Vi sørgjer for at sjøfolka våre er negative for covid-19 før dei forlèt Filippinane. Men du er berre så frisk som det tidspunktet du blir testa på. Det er mogleg å få viruset på flyplassen eller på flyet, seier forbundsleiar Conrado F. Oca i fagforeininga for filippinske sjømenn, Amosup, til NRK.