Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kan me håpa på endring?

Eg er grunnleggjande optimistisk. Det gjeld det meste i livet. Men i ein periode i livet mitt fekk optimismen min ein alvorleg knekk. Det var i møtet med Nav. Denne perioden ligg no mange år attende, men framleis er det slik at eg kjenner på ubehag og vonde kjensler i samanhengar der Nav vert nemnt. Eg var redd Nav. Eg kjente meg utrygg, eg visste aldri kva eg kunne venta meg i møte med etaten. Eg opplevde aldri at dei var ei støtte, heller ikkje at dei representerte eit hjelpeapparat som var der for å hjelpa meg ut av ei livskrise. For det er det det er når livet vert snudd opp ned, når helsa sviktar, når det å jobba ikkje lenger er mogeleg, når livssituasjonen ikkje lenger skal vera slik den alltid hadde vore.