Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Korona rammar oljeinntektene

OLJE: Statens direkte inntekter frå oljeverksemda er i første halvår nesten halverte frå i fjor. Overføringane frå dei direkte økonomiske engasjementa til staten i petroleumsverksemda, forkorta SDØE – 7 milliardar kroner i andre kvartal i år – har ikkje vore lågare sidan det statlege eigarselskapet Petoro vart etablert i 2001. – Nedgangen i kontantstraumen er ein direkte konsekvens av dei globale utfordringane for olje- og gassindustrien, seier administrerande direktør Grethe Moen i Petoro. Så langt i år har Petoro levert ein kontantstraum på 34 milliardar kroner til statskassa, 43 prosent ned frå første halvår i fjor, då overføringane var på 59 milliardar kroner.©NPK