Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kynikaren Churchill

Christopher S. Harper har (30. juli) eit svar på kronikken min om Churchill-kultusen, som han meiner nedgraderer Churchills rolle i nedkjempinga av Hitler-Tyskland. Så langt har Harper rett, men hevdar at eksempla mine er mangelfulle. Sjølvsagt er dei dét, verdskrigen lar seg vanskeleg innpasse i ein aviskronikk. Så er det berre dét at Harpers defensorat for Churchills rolle – med vekt på The Phoney War-perioden – er langt meir mangelfullt enn det han kritiserer meg for. Så godt som alt han nemner er av det velkjende slaget; dertil overdimensjonert, utan sans for proporsjonar. Mitt føremål var å få fram det som eg – etter 40 år som undervisar – har erfart er mindre kjent, for mange totalt ukjent. Kva dét skuldast er jo eit interessant spørsmål.