Sivilagronom Arve Kleiven har eit godt innlegg for garden som læringsmiljø i Klassekampen 29. juli. Han legg mest vekt på den sosiale læringa for unge som strevar, men prosjekt som «Inn på tunet» (tilrettelagde velferdstenester på gardsbruk, red.anm.) har òg ei fagleg side dersom «lærere og skoleledelse er villig til å tråkke litt utenfor sin komfortsone».
I dagens lærebøker tyder «natur» noko «urørt». Elevane bør heller lære meir om produksjonsbiologi.