Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vi er ikkje ferdige med motstanden om vi flaggar fargerikt i juni.

Nissen på lasset

FRAMSKRITT, MEN...: Vi har nådd fram til at det uttalte idealet er mangfald, men konformitetspresset er der like fullt, skriver forfatteren. Her fra Hadeland Pride i 2018. FOTO: JOHN TRYGVE TOLLEFSEN John Trygve Tollefsen

På ein av dei siste dagane i pridemånaden juni bakar eg sjokoladekake saman med fireåringen. Vi pyntar kaka med glasur, drysser på noko fargerikt blomestrøssel og set på regnbogeflagg. «Og denne!» Fireåringen kjem begeistra med eit nisselys som har lege gøymt i skapet sidan desember. «Sånn.» Ho plasserer nissen midt på kaka og klapsar henda fornøgd saman. Der står dei, regnbogeflagga og nissen. Denne teksten handlar om den nissen. Nissen på lasset.

Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Muna Jibril skriv i Klassekampen måndagar. Margit Ims er gjesteskribent.