Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rekordmange meldte om hoggorm

VARME: I juni fekk Giftinformasjonen heile 137 tilvendingar om hoggorm. Det er rekordmykje og meir enn dobbelt så mykje som i same månad i fjor. Juni månad baud på ei rekkje varmerekordar, og fleire stader i landet var det langt varmare enn det vanlegvis er i første sommarmånaden. Juni-talet til giftinformasjonen er på høgd med toppmånaden juli 2018, som mange kanskje hugsar som sommaren med «ekstremvarmen». – At så mange tok kontakt, har nok med vêret å gjere, noko vi erfarer år etter år. Når det er godt vêr, så kosar både menneske og hoggorm seg ute – og då møtest dei, seier Anita von Krogh i Folkehelseinstituttet.©NPK