HAVVIND: Torgeir Knag Fylkesnes slår tilbake mot påstandar om at SV-politikken er avhengig av vindkraft på land. – Havvind dekkjer behovet, seier han.
På måndag fortalde gruppeleiar for SV i Telemark og Vestfold Ådne Naper om korleis han meiner det er umogleg å gjennomføre SVs Grøn Ny Deal utan vindkraft på land. Det er fordi han reknar seg fram til eit kraftbehov utan fossil energi som er over dobbelt så høgt som kraftproduksjonen er i Noreg i dag.