Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Christian IV #hetoo!

HEKSEBRENNAR: Kva no med Christian Quart, han som nidkjært jakta på «hekser» og «trollfolk»? spør forfattaren. MALERI: BURNING OF THREE WITCHES (1585), JOHANN JAKOB WICK

Ein takk til Oddbjørn Magne Melle om Churchill-kultusen, og til Gro Steinsland om Heilag Olav som krigar og helgen – to nyttige innlegg i Klassekampen 20. juli. I den samanheng, også ein takk til Mariell Johansen, i Aftenposten 11. juli, for ei betimeleg påminning om alle dei som brutalt og nådelaust vart brende på bålet under hekseprosessane som toppa seg på 1600-talet, under Christian Quart, som med trolldomsforordninga av 1617 aktivt fremja ein høgkonjunktur for heksejakt og heksebrenning i det dansk-norske riket.