Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det konkursramma Kleven Verft har fått nye eigarar, men folket i Ulsteinvik sprett ikkje sjampanjen heilt enno:

Ingen jubel i Ulsteinvik

PÅ JOBB: Her er tilsette i gang med arbeidsdagen på lageret på Kleven verft. Green Yard Group har kjøpt opp verftet, som ligg i Ulsteinvik i Møre og Romsdal, men ingen veit kor mange tilsette som får fortsette. Hanne Marie Lenth Solbø

HÅP: Sjølv om hjørnesteinsbedrifta er sikra vidare drift, er verftstilsette og lokalt næringsliv varlege med å sleppe jubelen laus. Kva er annleis denne gong?

Gladnyheita om at Kleven Verft i Ulsteinvik på Sunnmøre får fortsetje drifta har nådd folk i byen og arbeidarane på verftet. Etter over ei veke med usikkerheit, vart det tysdag klart at Green Yard tek over det konkursramma verftet.