I FARE: Latin-Amerika har tradisjon for sterke organisasjonar. Likevel lever sivilsamfunnsleiarane farleg i Colombia. 164 har mista livet så langt i år.
– Leiarar av organisasjonar har alltid levd farleg. Men situasjonen ser ut til å bli verre og verre. Det var ei kjensle av lette etter fredsavtalen, for me har hatt dette problemet lenge, seier Hector Fabio, direktør i hjelpeorganisasjonen Caritas Colombia på telefon frå Bogotá.