DJUPT: Sår etter ei historie med diktatur og nyliberal økonomisk politikk har lenge kasta skuggar inn i Chiles notid. No er det oppgjerets time i landet.
«Før pandemien arbeidde eg om natta som vaktmeister i eit reklamebyrå i Santiago. Då var eg med på demonstrasjonane på dagtid, før eg gjekk på arbeid om kvelden. Det var eit vakkert fellesskap og ei sterk kjensle av å endeleg kunne endre landet», skriv Oscar Brenet i ei tekstmelding til Klassekampen.