DELING: Troms og Finnmark fylkeskommune sende i går søknad om å dele fylket i to. – Det har vore ein krevjande prosess for alle regionane å finne forma si. Eg synest innbyggjarane fortener ro til å levere gode tenester, seier kommunalminister Nikolai Astrup (H) i ein kommentar til NRK. Motstanden mot samanslåing har vore og er stor, både i Troms og Finnmark. Partia som har fleirtal i fylkestinget, Ap, Sp og SV, gjekk alle til val på å oppheve ho. Fylkespolitikar og nestleiar i SV, Kirsti Bergstø frå Nesseby i tidlegare Finnmark fylke, meiner dette er ein nødvendig augneblink.– Det er forskjell på å vere gode naboar og ei tvangssamanslått eining, seier ho.©NPK