Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Forvirrande om arbeidstid

Fafo-forskar Inger Marie Hagen og Jon Olav Bjergene, sekretariatsleiar i Unio, har redigert boka med den lovande tittelen «Grønne tariffavtaler». Det materielle overforbruket trugar både klima og miljø, og mange vil vera interesserte i om tariffoppgjera kan brukast til noko anna enn auka kjøpekraft, for eksempel til å gjera «det grønne skiftet» til noko meir enn vakre ord og gode ønske. Kan redusert arbeidstid – forhandla fram gjennom tariffoppgjera – vera med på å redusera det materielle overforbruket?