Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I Nigeria ser folk raudt etter at ei kvinne vart valdteken og drepen i ei kyrkje.

Rettferd for Uwa

FLEIRE TILFELLE: Folk protesterte tysdag mot seksuell vald mot kvinner utanfor departementet for kvinnesaker i Abuja i Nigeria. FOTO: OLAMIKAN GBEMIGA, AP/NTB SCANPIX Olamikan Gbemiga

29 mai i år gjekk den 22 år gamle Uwaila Vera Omozuwa (kalla Uwa) til si lokale kyrkje i Benin, sør i Nigeria. Ho studerte mikrobiologi på universitetet i byen og trengde ein roleg stad å lese til eksamen. Ho hadde fått tilgang av pastoren til å sitte der i periodar det ikkje var andre møter. Det er få offentlege fasilitetar kor unge nigerianarar kan finne lesero, og for kvinner spesielt er trygge offentlege rom ein mangelvare. Då mora til Uwa ikkje fekk kontakt med ho tidleg den kvelden, gjekk alarmen; ei sikkerheitsvakt fann ho, liggande i sitt eige blod inne i kyrkja, død og med tydelege teikn på valdtekt. Ingen veit kven som drap ho.

Lars Gule, Gina Lende, Anne Kalvig og Helene Næss skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.