Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Kron og mynt

To pandemiar

Strenge klimatiltak må på plass sjølv om krisa ligg framme i tid.

ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

Verda er innei ein epoke med to pandemiar, koronapandemien og klimapandemien. Nokre fellestrekk ved desse hendingane er at dei er blitt varsla lenge på førehand i solide vitskapelege studiar. Dei er i utgangspunktet usynlege. Dei er globale og skånar ikkje eit einaste land, dei rammar fattige menneske og fattige land langt meir enn dei rike, og dei kan overvinnast berre gjennom statlege tiltak kombinerte med tett internasjonalt samarbeid. Men det er også viktige skilnader. Koronapandemien kom med sjokkfart, medan klimapandemien kjem snikande og sannsynlegvis vil trenge endå to–tre generasjonar før dei øydeleggande verknadene skaper utbreidd angst i befolkninga. Koronapandemien er reversibel og kan høgst truleg bli nedkjempa eller halden i sjakk.

Økonomane Morten Jerven, Erik S. Reinert, Maria Walberg, Rune Skarstein, Chr. Anton Smedshaug og Marie Sneve Martinussen skriv onsdagar i Klassekampen.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?