Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Også her

Nei. Norsk politi skyt ikkje mørkhuda eller samar. Men den norske stat skil klart. På den eine sida dei som fritt kan koma inn i landet, bu og arbeida her – ingen veit vel kor mange dei er. Dei er europearar frå ein union vi ikkje er med i. Dei er kvite. På andre sida dei som ikkje får koma – eller dei få som får, etter nøye siling. Dei er frå Afrika eller Vest-Asia. Dei er ikkje kvite. Kvite er heller ikkje dei som på grunn av særlover ikkje får vera her. Dei norsk politi møter opp og hentar der dei bur. Framlegget kom frå Jonas Gahr Støre, den gongen utanriksminister. Regjeringane, den eine etter den andre, set i verk. Med politi. Dersom dette ikkje er rasisme, kva er det då?