Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Blodig: Det er til gangs for oss alle at Sara Omar har brote ut or lojalitetsfella.

Når kultur går sur

POLITIVERN: Danske Sara Omar lever på hemmeleg adresse. Foto: Henriette Mørk
Roman

Sara Omar

Skyggedanseren

Roman

Omsett av Inge Ulrik Gundersen

Aschehoug forlag 2020, 440 sider

Den danske forfattaren Sara Omar, som blei fødd i Kurdistan i 1986, debuterte med den samfunnskritiske romanen «Dødevaskeren» i 2018. Det var ei så blodig utlevering av kvinnemishandlinga i delar av den muslimske verda at Omar måtte setjast under politivern. Ho lever framleis på hemmeleg adresse, for hemngjerrige menn kjenner ingen grenser, og dei nordiske landa legg seg flate for hatet deira. I oppfølgjaren «Skyggedanseren» er hovudpersonen Frmesk gift med ein kurdar i Tyskland. Kvar gong ho hamnar på sjukehus, godtek personalet forklaringane til mannen hennar: «Samme hvor store skader hun kom med, sendte de aldri Bahzad ut av lokalet. Leger og sykepleiere. Det var som om ingen turte å blande seg.»