Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Jensen blæs av regjeringstrusselen

TONAR NED: Regjeringas nye iskant er så udramatisk at Frp-leiar Siv Jensen legg vekk trusselen om regjeringskrise. I fleire intervju trua ho nyleg med å trekkje støtta til statsminister Erna Solberg (H). Men det var før regjeringa kom med forslaget til ny definisjon av den politisk betente iskanten. Grensa avgjer kor langt nord i Barentshavet det skal vere tillate med oljeaktivitet. Forslaget var såpass mykje betre enn Frp hadde frykta, at Jensen no tonar ned retorikken. – Vi er ikkje nøgde med regjeringsforslaget og vil setje oss ned ved bordet for å justere den så vi blir meir nøgde. Får vi til det, har vi òg eit godt grunnlag for revidert, seier Jensen til NTB. ©NPK