Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Brettkultur

Fredag er det premiere på HBOs nye tenåringskomedie «Betty», der rullebrettjenter i New York både finn saman og stridast rundt ein skatepark. Serien er skapt av Crystal Moselle og Lesley Arfin og flyt mykje på komikken som oppstår når jenter freistar både å tilpassa seg og bryta med ein ungdomskultur definert av gutar. Dei første episodane er seige, og karismatiske roller kan ikkje bøte på det at det skortar litt på substans i både miljø- og karakterklisjear.GK