KUTT: Utsleppa frå dei norske verksemdene som blir omfatta av EUs klimakvotesystem, gjekk noko ned i 2019, men kutta er langt mindre enn dei i EU. I fjor gjekk utsleppa ned med om lag 580.000 tonn, noko som svarar til litt over to prosent frå 2018, ifølgje den førebelse oversikta som byggjer på rapportar frå norske bedrifter. – Desse tala viser ein lågare reduksjon i Noreg enn i EU totalt, der kvotepliktige utslepp gjekk ned med over åtte prosent. På sikt må alle sektorar kutte betydeleg dersom Noreg skal nå sine utsleppsmål, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet. Den kraftige reduksjonen i EU kjem hovudsakleg av kutt i bruk av kol. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene