Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Brød + vin

Takk til Hans Christofer Børresen for utfyllande kommentar til Kristi oppstode. Særleg er det fint at han bruker atomfysikarane Niels Bohr og Louis de Broglie til å styrkja samanhengen mellom materie og energi, sjølv om det i grunnen ikkje gjer dei paulinske mystifikasjonane lettare å svelgja. Då har eg meir sans for Jesu ord om at brød og vin blir til kjøt og blod, for det er jo akkurat det som skjer med det me et og drikk (pluss litt til som eg ikkje skal koma inn på her).