UTSETT: Taxinæringa har hatt ein omsetnadssvikt på over 80 prosent på grunn av koronaviruset, ifølgje Norges Taxiforbund. Fleire ber no om utsetjing av frisleppet av aktørar som Uber frå 1. juli. Det er Aftenposten som melder at taxinæringa, NHO og dei fleste fylkeskommunane ber om at frislepp av taxiar blir utsett på grunn av koronaviruset. Fylkeskommunane har ansvar for å dele ut og administrere drosjeløyve. Den nye lova, taxi-reforma, skal etter planen tre i kraft 1. juli. Då vil det ikkje lenger vere nokon avgrensingar på talet på drosjer i byane, men etter koronapandemien tok til, er behovet for skyss eit heilt anna. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene