Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tala lyg ikkje

Direktør i Språkrådet Åse Wetås gjev meg i Klassekampen 31. mars rett om Ivar Aasen, men mitt «hovudsynspunkt» er ikkje at «a-infinitiven er det einaste naturlege i nynorsken». Nynorsk utan nokon a-infinitiv er unaturleg. 65 prosent av målføra i landet har ‘kløyvd’ eller a-infinitiv (sjå kart på Nettet!). «Eta og drikke» er kløyvd infinitiv. Denne overskrifta frå Dag og Tid vert då unaturleg for mange: «Kor komplisert er det å gjere det å ete miljøvenleg?»