Teater for vår tid
Skodespelarar som sit i kvar sin heim, utan kostyme – kan det bli teater?

Haugesund Teater, Youtube
Basert på ein roman av José Saramago
Dramatisering: Kristofer Grønskag
Regi: Lars August Jørgensen og ensemblet.
Redigering: Lars August Jørgensen
Med: Morten Joachim, Ane Skumsvoll, Henrik Bjelland, Rikke Westerlund Lie, Marina Popovic og Lars August Jørgensen.
For to månader sia hadde Haugesund Teater urpremiere på dramatiseringa av romanen «En beretning om blindhet» av den portugisiske forfattaren og nobelprisvinnaren José Saramago (1922–2010). I dagens situasjon er boka blitt meir aktuell enn nokosinne. Ho fortel om ein pandemi som gjer at så godt som alle etter kvart mistar synet. Styresmaktene blir desperate og internerer dei blinde utan noka form for pleie eller tilsyn. Soldatar med skarpladde gevær vaktar på dei internerte, og skulle dei trakke over grenser dei ikkje kan sjå, blir dei skotne.
Episodane kan du finne på teaterets heimeside, eller på Youtube ved å søkje på stykkets tittel.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn