Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vis mot!

Det er når du har grunn til å vera redd, at du må vera modig. Når alt går greitt, treng du ikkje mot. I Klassekampen 3. april får Karl Eldar Evang innpå halvdelen av to avissider på å utdjupa redselen sin. Til all god slutt skriv han litt om trøyst og småting ein kan finna på. Resten av dei to avissidene har Klassekampen nytta til å laga ein apokalyptisk illustrasjon av ein naken ungdom som gøymer seg i ei blåsvart tåkesky, ispedd gigantiske virus.