Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Forfatterforeningens æresrett i 1945 er kritikkverdig sett både med historikar- og juristbriller.

To sider av same sak

VEKTA OMSYN: Avgjerda i æresretten var like mykje politikk som juss og er dermed like problematisk for historikaren som juristen, skriv forfattarane. FOTO: VEYIS POLAT, FLICKR

Tom Egil Hverven kommenterer i Bokmagasinet til Klassekampen 14. mars dei ulike konklusjonane i boka «På æren løs» av Tore Rem, Espen Søbye og Kjartan Fløgstad, og æresrettsutvalet si utgreiing om Forfatterforeningens æresrett sitt virke. Bakgrunnen for både boka og utgreiinga er Forfatterforeningen si orsaking i 2018 til dei som vart ekskludert eller på annan måte vart pålagt sanksjonar av æresretten for det ein meinte var deira unasjonale haldning under okkupasjonen. Kort fortalt kjem Rem, Søbye og Fløgstad til at ei slik orsaking var historielaus og ikkje burde ha vore gjeven. Rapporten tek ikkje stilling til sjølve orsakinga, men konkluderer med at æresretten sitt virke kan forklarast og forståast, men at det likevel var klart kritikkverdig.