Pjolter og politikk
Lukka selskap: Opprulling av eliten i det norske nazistpartiet – presentert i ei forvirrande form.


Ola Karlsen
Den norske nazieliten
Litteratur
Gyldendal 2020, 426 sider
Mot slutten av Ola Karlsens «Den norske nazieliten» kjem ei liste på 60 sider over dei 211 medlemmane i Normannaklubben – eit lukka mannsfellesskap der eliten i Nasjonal Samling møttest, uformelt og sosialt, for å drikke, diskutere, utarbeide avtalar, pønske ut planar og politikk. Klubben heldt til rett ved Stortinget i Oslo, i lokala til Frimurarlosjen, som NS hadde rekvirert det første krigsåret. Quisling var med å leggje planane for klubben, men var ikkje medlem sjølv. I staden var det næringsminister Alf Larsen Whist som i juni 1944 peika ut særleg viktige menn frå næringsliv, organisasjonar og byråkrati, og sendte ut eksklusive invitasjonar: «De som i 1944 ble plukket ut og funnet verdige […] hadde i løpet av de fire første krigsårene gjort sitt beste for å fremme Nasjonal Samlings sak».
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent