Du kan bla til neste sideBla med piltastene

EU skal bli klimanøytralt innan 2050

JOBBAR: EU-toppar plantar tre under eit G7-møte i 2016. No skal EU få ei lov som påbyr unionen å ta opp like mykje klimagassutslepp som ein slepp ut. FOTO: STEPHANE DE SAKUTIN, AFP/NTB SCANPIX STEPHANE DE SAKUTIN

MOTBØR: Forslaget til ei ny klimalov lovfestar målet om eit klimanøytralt EU, men det har allereie fått kritikk.

– No står det skrive i stein kva som er målet for 2050. Det er ikkje veldig langt unna; barna mine kjem då til å vere litt yngre enn eg er no, sa president Ursula von der Leyen i EU-kommisjonen til media då lova formelt vart presentert.