Du kan bla til neste sideBla med piltastene

RU melder Sivertsen for bedrageri

ETTERFØLGJE: Raud Ungdom, ungdomspartiet til Raudt, har politimeldt fiskeriminister Geir Inge Sivertsen (H) for bedrageri i samband med saka om etterlønn, melder Dagbladet. – Politikarane følgjer ikkje reglane dei sjølv lagar, seier leiar Tobias Drevland Lund i Raud Ungdom, til Dagbladet. Samtidig som Sivertsen var i full jobb som statssekretær i Fiskeridepartementet, søkte han om etterlønn i ein og ein halv månad for jobben som ordførar i Lenvik kommune. Sivertsen fekk utbetalt rundt 120.000 kroner i etterlønn. Førre veke vart det klart at Senja kommune, som Lenvik no er ein del av, har sendt eit krav på 120.000 kroner til fiskeriministeren. ©NPK