Ta-Nehisi Coates
Vanndanseren
Litteratur
Omsett av Knut Ofstad
Aschehoug 2020, 477 sider
Det er litt merkeleg å lese ein debutroman frå ein så etablert og anerkjent forfattar som Ta-Nehisi Coates, og like merkeleg er det at det norske forlaget omtalar det som ein «sensasjonell debut» på omslaget. Coates debuterte allereie i 2008, med memoarboka «Beautiful Struggle», og sidan har han fått ein stadig meir sentral posisjon i amerikansk offentlegheit. Boka «Mellom verden og meg» (2015), men også fleire dei kvasse artiklane han har publisert i The Atlantic, og seinare gitt ut i «We Were Eight Years in Power» (2017), kjem til å bli ståande som tankerike tidsskildringar frå brytningstida mellom Barack Obamas og Donald Trumps USA.