Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Navn

70 ÅR

  • Journalisten og forfattaren Alf R. Jacobsen fyller 70 år i dag. Han er ein av landets mest meritterte og produktive skribentar, med ein straum av sakprosa- og spenningsbøker og ein lang karriere som undersøkande journalist og redaktør.

Jacobsen – Alf R. blant vener – kjem frå Hammerfest og har alltid gjort seg forstått med ei slagferdig form. Han jobba i mannfolkblad då han tok til å fatte interesse for lyssky verksemd blant dei øvste i overklassen. I 1982 gav han ut boka «Anders Jahres formue» på Oktober forlag. På same tid vart han oppdaga av Klassekampens redaktør Sigurd Allern – eller kanskje var det omvendt.

Alf R. Jacobsen Tore Meek

Han jobba i ei gravegruppe i redaksjonen to–tre år. Alf R. var avgjerande for at Klassekampen tidleg sette seg i respekt for kvass økonomisk avsløringsjournalistikk, medan systematisk gravearbeid knapt var i startgropa i langt meir ressurssterke redaksjonar. Hans barske veremåte og mystiske kjelder var til inspirasjon for ein redaksjon som enno sleit med sekterisme og partistyring.

Seinare gjekk han mellom anna til VG og NRK, der han var med på å byggje opp graveprogrammet «Brennpunkt».

Samstundes gav han ut bøker på løpande band, og tempoet har akselerert etter at han vart forfattar på heiltid for 20 års tid sidan. Han har konsentrert seg mykje om andre verdskrigen, og særleg krigen i nord, som han har skildra i ei rekkje bøker.

Alf R. har kunnskapar,kjelder, arbeidskapasitet og skriveglød som alle kan misunne han, og ingenting tyder på at han har skrive seg tom. Gratulerer med dagen!