Ravn Lanesskog
Fridtjof Hansens dagbok
Litteratur
Aschehoug 2020, 326 sider
Kjære lesar, om du skal lese Ravn Lanesskogs debutroman, må du tole å bli tiltala direkte fleire titals gongar før boka er slutt. Lanesskog gir ordet til ein antikvert litterær eksistens, som skriv til oss med eit inderleg ønske om å ikkje gå i gløymeboka: «Om du så er den eneste i hele verden som leser dette, er det verdt alt sammen.»