No skal Klondike komme til Noreg. I form av den største gullgruva som nokon gong har vore i landet. Kommunen som skal få oppleve dette heiter Bindal og ligg lengst sør i Nordland. Så tidleg som i 2004 uttalte daverande ordførar til NRK: «Vi håper selvfølgelig på et Klondike nå.» Sidan har det gått opp og ned med planlegging og eigarskifte, men no er reguleringsplanen ferdig og har vore til høyring. Det er dermed klart for kommunestyrevedtak om Klondike på norsk.
Veit politikarane eigentleg kva dei ønsker seg, når dei drøymer om eit Klondike på norsk?