Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tenk økologi, Viken

I Klassekampen 31. januar svarer Viken Skog på Naturvernforbundet i Buskerud sin kritikk av norsk skogforvaltning. Viken Skog hevdar at me kjem med sterk kritikk og mange påstandar som omhandlar selskapet. Etter vårt syn gir me ein dokumentert skildring av situasjonen i næringa, og først og fremst ein sterk kritikk av styresmaktene som lar dette skje. At det private næringslivet, som Viken Skog, bruker det handlingsrommet dei får er naturleg. Dei må jo konkurrere med andre selskap om oppdrag hos skogeigarane.