Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Med klimaomstillinga kjem ein ny geopolitikk. Litiumrike Bolivia har hamna midt i krysselden, skriv Heidi Lundberg.

Det kvite gullet

OPEN SLAGMARK: Kina, USA og Tyskland kappast om tilgang til Bolivias litiumreservar, som er blant verdas største. Her er saltsletta Salar de Uyuni, der Bolivia hentar ut litium. FOTO: PABLO COZZAGLIO, AFP/NTB SCANPIX PABLO COZZAGLIO

Medan stadig fleire elbilar kruser gatene i Noreg, konkurrerer bilprodusentar og deira vertsland om batteriressursen litium. Litium er om mogleg ein endå meir strategisk ressurs enn olje og gass, fordi den er knapp og berre tilgjengeleg i nokre få land. Korleis har det sosialistiske og litiumrike landet Bolivia takla geopolitikken? Og hadde kuppet på MAS og Morales noko med den store kampen om det kvite gullet å gjere?