Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nokre delvis fråflytta område i distrikts-Noreg tyder visst lite samanlikna med den store klimakrisa.

Vi let oss ikkje teie i hel!

KAN DE SJÅ OSS? Saka om Okla vindkraftverk handlar om meir ein berre ein lokal kamp for eit fjell – sjølv om NVE «ikke kan se» det, skriv forfattaren. Her frå ei markering mot vindkraft utanfor Stortinget i fjor. FOTO: FARTEIN RUDJORD Fartein Rudjord

Det finst inga oversikt over dei samla konsekvensane vindkraftutbygginga har for biologisk mangfald, truga naturtypar og landskapsverdiar. Likevel har norske styresmakter godkjent bygging av over 80 vindkraftverk. Okla vindkraftverk på Stadlandet er eit av desse. Det er grunn til å stille spørsmål ved om dette er ein kunnskapsbasert forvaltingspraksis som tek vare på natur og landskapsverdiar. Motsegn frå organ som fylkesmann, riksantikvar og fylkeskommunar har blitt fremja ved fleire prosjekt. Dei fleste motsegner har likevel ikkje fått konsekvensar for opphavlege utbyggingsplanar.