Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Investerer 1 prosent i grøne energikjelder

INDUSTRI: Ein oljetankar vert slept til ankeplass ved Quingdao-hamna i Shandong i Kina. FOTO: AFP/NTB SCANPIX STR

SVART: Det internasjonale energibyrået ser lite til grøn omstilling i olje- og gassindustrien. Globalt blir det investert mindre enn 1 prosent i rein energi.

– Ei forplikting frå olje- og gasselskapa til å levere reint driftsstoff til forbrukarane i verda er avgjerande for utsiktene til å redusere utslepp, heiter det i ein rapport som Det internasjonale energibyrået (IEA) gav ut på måndag. Ekspertane blir stadig meir bekymra over moglegheita til å oppnå målet verdas land vart samde om i Parisavtalen om å avgrense den globale oppvarminga. Målet er at temperaturstigninga ikkje skal vere meir enn 2 grader høgare enn dagens gjennomsnittstemperatur.