Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Med hud og hår

KUNSTNERISK MOT: Vibeke Løkkeberg har hatt mot til å vera ei handlekraftig kunstnar og politisk medviten kvinne. FOTO: FRODE HANSEN, VG/NTB SCANPIX Frode Hansen

Den 22. januar fyller Vibeke Løkkeberg 75 år. I over 50 av desse åra har ho vore eit norsk filmikon, kjent også for mange som aldri har sett arbeida hennar. Saman med Laila Mikkelsen og Anja Breien var Løkkeberg avgjerande for at norsk film på 1970- og -80-talet vart assosiert med kvinnelege filmskaparar, ikkje minst utanom landegrensene. Men heime har ho vorte felt av janteloven, for å ha hatt mot til å vera handlekraftig kunstnar og politisk medviten kvinne. At ho er vakker har ikkje gjort det lettare. Metoo-historiene Løkkeberg fortalte i Klassekampen for eit par år sidan, er berre ei side ved saka.