Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Noreg hentar heim IS-sikta kvinne

DISSENS: Ein 29 år gammal norsk-pakistansk kvinne og dei to barna hennar var i går i ferd med å bli hjelpt tilbake til Noreg av norske styresmakter. Det er omsynet til den sjuke sonen (5) som gjer at norske styresmakter hentar dei heim. Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) stadfestar overfor NTB at hentar ut familien frå Al-Hol-leiren i Syria. – Det blir gjort på humanitært grunnlag fordi vi fryktar sjukdom hos barnet, seier Eriksen Søreide. Statsminister Erna Solberg (H) og resten av regjeringa har dermed snudd. Tidlegare har dei ikkje opna for å hente tilbake IS-mistenkte kvinner. Framstegspartiet tar dissens i regjeringa i saka.©NPK