Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Nord-korea

Varslar framstøyt

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un varslar offensive tiltak når fristen til USA for å lette på sanksjonane går ut ved nyttår. Det skjedde i eit møte med leiinga i regjeringspartiet i landet. Han bad militæret og diplomatar førebu seg på «offensive tiltak for å forsvare sikkerheit og suverenitet».

Det er ikkje klart kva tiltaka vil innebere om ikkje USA kjem med nye tilbod innan nyttår, men det blir venta å bli klarare når Kim held nyttårstalen sin ved avslutninga av partimøtet onsdag.

Omverda har vore bekymra for om Nord-Korea formelt ville avslutte dialogen med USA og ta opp att prøvesprengingar og rakettestar etter kvart som det vart klart at USA ikkje ville lette på sanksjonane.

Samtalane med USA har i stansa opp sidan det mislykka toppmøtet mellom Kim og USAs president Donald Trump i Hanoi i februar i fjor. Nord-Korea krev at USA lettar på sanksjonane, medan USA krev at atomvåpena blir fjerna før sanksjonar blir oppheva.

På andre dagen av partimøtet gjorde Kim det òg klart at landet står framfor svært vanskelege økonomiske tider og at avgjerande endringar må til.

Nord-Korea er hardt ramma av økonomiske sanksjonar på grunn av landets atomvåpen.

Sør-Koreas sentralbank skreiv i juli at økonomien i nabolandet hadde gått tilbake med 4,1 prosent i 2018.©NPK