Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Kron og mynt

Sanksjonsimperialisme

Langt meir alvorleg enn handelskonflikten, er USAs sanksjonspolitikk.

© ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

Handelskonflikten mellom USA og Kina har vore førstesidestoff i månadsvis. Eit langt meir alvorleg fenomen, har derimot knapt vore nemnt i media. Det er USAs sanksjonspolitikk. Office of Foreign Asset Control (OFAC) under USAs finansdepartement som administrerer landet sin sanksjonspolitikk, skil mellom to former: primærsanksjonar og sekundærsanksjonar. Primærsanksjonar forbyd amerikanske selskap og personar å handle eller gjennomføre andre transaksjonar med personar eller selskap i land som USA har reist sanksjonar mot. Sekundærsanksjonar er retta mot utanlandske selskap og personar. Sjølv om deira verksemd ikkje rører ved USA på nokon måte, blir dei trua med å bli kutta ut frå USAs finanssystem og frå kontakt med selskap i USA dersom dei handlar med eller gjer andre transaksjonar med personar eller selskap i land som er under amerikanske sanksjonar.

Økonomane Morten Jerven, Erik S. Reinert, Rune Skarstein, Chr. Anton Smedshaug og Marie Sneve Martinussen skriv onsdagar i Klassekampen.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?