Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Heilt sidan starten har FC Barcelona vore sentral for katalansk identitet, demokrati – og for frigjeringsrørsla. Kva no?

Meir enn ein fotballklubb

VIVA CATALUNYA! Det katalanske flagget vaiar frå tribunen under kampane til FC Barcelona, men for mange Barca-tilhengarar er den nye økonomiske innretninga tung å svelgja. Her midtbanespelaren Malcom under ein kamp mot Real Madrid i februar. FOTO: JOSEP LAGO/AFP, NTB SCANPIX JOSEP LAGO

I våre dagar roper publikum på Camp Nou I-Inde-Independència når det har gått 17:14 minuttar av kvar omgang i heimekampane til Barca, som klubben blir kalla på folkemunne. 17:14 er til minne om året 1714, det året då spanske troppar tok Barcelona og katalanarane blei fråtekne rettar dei hadde hatt i hundrevis av år. 18. desember er det Clásico mellom FC Barcelona og Real Madrid, i eit Catalonia der el Barca spelar ei viktig rolle som identitetsmerke. Protestgruppa Tsunami Democràtic har tillyst demonstrasjonar i høve kampen, utan å spesifisera av kva type.