Eg får berre éi avis i papir kvar dag. Bergens Tidende (BT) er i vekene før jul feitare om bringa enn ho normalt pleier vere. Ikkje fordi det har vorte meir redaksjonelt stoff i papiravisa. Her har det snarare gått motsette vegen dei seinaste åra. Nei, det som verkeleg får avisa til å vokse i omfang, er dei mange reklamevedlegga som fyller returpapirposane heime så snøgt at dei må tømmast kvar veke.
MOTVIND: Aksjonistane frå La Naturen Leve og frå Motvind Norge aksjonerte utanfor Stortinget tidlegare i haust. FOTO: HANNE MARIE LENTH SOLBØ Hanne Marie Lenth Solbø
Motstanden mot vindkraftverk i Noreg veks. I omfang nærmar han seg bompengeopprøret som i vinter spreidde panikk hjå lokal- og rikspolitikarar og utløyste milliardar av budsjettkroner for å mildne protestane.