Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Maskene utgjer det visuelle leiemotivet i Damon Lindelofs «Watchmen». Bak maskene finn vi USAs systemiske rasisme.

Mangetydig maskespel

TO FJES: I «Watchmen»maskerer både valdsmakta, politiske aktivistar og superheltar seg. Her er Looking Glass (Tim Blake Nelson) og Sister Night (Regina King) blant politibetjentar. FOTO: HBO

Bloggarar og kritikarar ivrar etter å kalla «Watchmen» ein klassikar, men kva er det vesentlege med serien?

Tv-serien «Watchmen» nærmar seg finalen, og internettet kokar av episode-resymé, teoriar og spekulasjonar om kva siste episode vil by på, for framleis manglar svar på fleire store spørsmål — og mange er saktens dei utrøyttelege kreftene som prøver å finne svara.