No vert det slått stort opp at ein frå før, overeksponert kjendis, stiller opp til nakenfotografering, utan silikon i puppene. Kor mange har vore involvert i denne hendinga på vegen mot publisering? Kva er motiv og grunnlag for avgjersla? Resurssbruk? Når vart det sjølvsagde, naturlege, unntaket? Skal ein filosofere over at pupper utan tilsetning vert sett på som nyhende, kan ein risikere å dette rett ned i kjellaretasjen.