Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er verd å leggja opp ferien etter Rosendal kammermusikkfestival.

Festival blant fjell

FRAMIFRÅ: Leif Ove Andsnes mellom Kirill Gerstein og Bertrand Chamayou. FOTO: ROSENDALFESTIVALEN

Baroniet Rosendal er vel verd eit sommarbesøk med sitt kulturprogram, sin renessansehage og si unike historie heilt frå 1665. Høgdepunktet er Rosendal kammermusikkfestival midt i august. Årets festival var min første, noko eg må slå fast med vemod med tanke på kva eg har gått glipp av. Rosendalfestivalen maktar å skilja seg ut blant relativt mange andre norske kammermusikkfestivalar, som alle har utmerka musikarar både som kunstnariske leiarar og utøvarar.